Snittprisen for Midt- og Nord-Noreg fell torsdag heilt ned til minus 1,2 øre/kWh i gjennomsnitt for døgnet i engrospris. Det er før berekning av skattar, nettleige og eventuell straumstøtte.
På det lågaste går straumprisen ned til minus 4 øre/kWh, og på det høgaste er engrosprisen 2,2 øre/kWh.
Årsaka til at prisane fell så lågt, er at det blir produsert meir straum nord i Norden enn det forbrukarane klarer å bruke.