Politiet melde 14.30 laurdag om ei trafikkulykke på Indre Åm i Åmdalen.

Ein varebil og ein motorsykkel har kollidert. Ulykka skjedde i samband med at varebilen skulle krysse vegen.

Føraren av motorsykkelen er teken med til Volda sjukehus. Han skal ha skadar i ein arm. Det vert oppretta sak, melder politiet.