Møre og Romsdal Røde Kors melder at «påska så vidt er i gang.»

– Vêret er absolutt ikkje optimalt. Det er meldt om stor skredfare gjennom helga, særleg søndag- då er det farevarsel 4, noko som er særs høgt!, skriv Møre og Romsdal Røde Kors i ei oppdatering laurdag.

Oppmodinga er: Ber alle som skal ferdast i fjellet om å ta trygge og konservative vegval- sjekk alltid varsom.no før du legg ut på tur og ha med spade, søkestong og skredsøkar viss du legg ut på tur.

– Elles har Sunndal, Tresfjord, Stranda, Vanylven, Kristiansund og Ørsta Røde Kors hatt mannskap i skitrekk og ved utfartsstader- og alle melder om liten utfart og dårleg vær. Ingen skader i dag, skriv Røde Kors.

Skredvarselet til varsom.no er altså grad fire, raudt nivå, for søndag: «Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store naturleg utløyste snøskred!», er varselet for Sunnmøre.