Dette er midlar som gründerar i fylket kan søke på gjennom hoppid.no, som er fylkeskommunen si gründerhjelp, i samarbeid med kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Midlane skal brukast til finne ut om ein forretningside er liv laga. Det kan vere å avklare spørsmål om organisering, marknadspotensial, lønsemd, og anna som kan bestemme vegval for bedriftsetableringa, forklarer May-Britt Roald i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Søk digitalt

- Gründerar som ønsker å starte eigen bedrift, kan søke om midlane gjennom hoppid.no si digitale gründerplattforma. Her kjem dei i kontakt med ein hoppid.no-rådgivar, og kan få gratis råd og rettleiing til korleis dei kan utvikle bedrifta si, seier May-Britt Roald, i pressemeldinga.

Gründerar kan også ta kontakt med sitt lokale hoppid.no-kontor i kommunen. Kvar forretningsidé kan få inntil 30 000 kroner i støtte.

Nye foretak

I 2021 vart det registrert 2751 nye føretak (inkl. eigarskifte) i fylket. Det er ein auke på 185 nye føretak frå året før. Blant desse var det 138 gründerar som søkte og fekk hoppid.no-midlar.

Det er Kultur-, næring- og folkehelseutvalet som har fordelt midlane.