Erling Masdal har planar om å leggje til rette for hytter og naust på Masdal.

Masdal har engasjert AG Plan og Arkitektur til å utarbeide ein reguleringsplan for området Flote på Masdal. Det er også halde oppstartmøte med kommunen kring prosjektet.

Området som skal byggjast ut er på femten dekar. Erling Masdal ser føre seg om lag seks hytter og mellom seks til ti naust på området som i dag er utmark.

Området er LNF og er foreslått som hytteområde i kystsoneplanen som framleis ikkje er vedteken.

Kommunen meiner potensiell skredfare må avklarast, også stormflo og flodbølgfje etter Åkneset.