Matfestivalen er eit resultat av masterplanen for reiselivsutviklinga i Ørsta.

– Det skal bli ein kultur og matfestival. Utgangspunktet blir Bjørke i første omgang, men vi skal femne over heile Hjørundfjorden, og vere for eit større publikum, seier Odd Magne Vinjevoll, som er dagleg leiar for Ørsta Næringskontor.

I fjor haust var det eit arrangement på Bakketunet på Bjørke der det vart bode på «Ein smak av Hjørundfjorden». Det handla om kortreist mat, og lokale mattradisjonar. På menyen stod rettar som gammalsalta lyr, barkebrød og grava storskarvbryst.

– Dette var å rekne som ein forsmak på korleis noko av matfestivalen kan bli. Det vert både meir eksklusive tilbod, og tilbod til familiar. Og vi vil kombinere mat med andre opplevingar, seier Vinjevoll.

September

Festivalen vert arrangert andre helga i september (7–9. september). Fredagen bli det eit opplegg som kan minne om «Smak av Hjørundfjorden». Laurdag og søndag vil festivalen rette seg mot eit breiare publikum.

– Vi ser for oss ulike arrangement i Bakketunet, gjerne kombinert med opplevingar, slik som kulturvandring, lette fjellturar ulike aktivitetar for heile familien, seier Per Ivar Lied, som arbeider med masterplanen for Ørsta kommune.

Dersom dette skal bli eit viktig reiselivsprodukt, må reiselivsaktørane i Hjørundfjorden samarbeide understrekar initiativtakarane.

– Det er viktig å få dei store aktørane på banen slik at det vert laga til pakkar med opplevingar i Hjørundfjorden for denne helga, knytt til kulturhistorie, matkultur, musikk eller natur, seier Odd Magne Vinjevoll.

Bjørke

Bakketunet blir viktig, men initiativtakarane tenkjer også at dei kan bruke ungdomshuset Haukly og til dømes nótanaustet. Dessutan vil dei ha med seg andre bygder i Hjørundfjorden.

–Vi ønskjer at også andre koplar seg på med ulike matarrangement. Men det første året er det ikkje sikkert vi klarer å arrangere det så breitt, så spissen vert på Bjørke, seier Per Ivar Lied.

Initiativtakarane inviterer til folkemøtemøte på Bjørke førstkomande tysdag.

–Vi inviterer spesielt dei med interesse for mat og kultur. I første omgang vil vi samle folk som har lyst å vere med på å skape denne festivalen og som har kunnskap som vi kan bere vidare. Det blir er kartlegging av personar og ideutveksling. Vi må også førebu dyrking, hausting og fangsting av mat som kan brukast, seier Odd Magne Vinjevoll

Festivalen er eit lokalt svar på utfordringane i Stortingsmeldinga om reiseliv, som peikar på kulturturisme som eit hovudsatsingsområde.

–Ei av målsettingane er å synleggjere at Hjørundfjorden har ein matkultur som kan nyttast heile året. Vi ser for oss at det vert matfestival i Hjørundfjorden kvart år framover. Men det er fastlagt at det første året skal vere på Bjørke, seier Synnøve Rekkedal Hill.

Ho har arbeidd med masterplanen for reiselivet som politikar. I tillegg har ho mellom anna vore engasjert i kulturminnearbeid i Hjørundfjorden.

–Det er viktig å kome forbi dugnadsstadiet, og dit at folk kan tene pengar. For vi må ha verdiskaping. No skjer det mykje i Hjørundfjorden, men mykje skjer på dugnad, og det gir ikkje inntekter til lokalsamfunnet, seier Rekkedal Hill.

Leiaren for næringskontoret samstemmer.

– Dette med å kommersialisere kulturopplevingar er vinnaren innan reiseliv i framtida, heilt klart. Og vi har mykje å by på ikkje minst i Hjørundfjorden, seier Odd Magne Vinjevoll.

Initiativtakarar: Odd Magne Vinjevoll, Synnøve Rekkedal Hill, og Per Ivar Lied, som alle har arbeidd med Masterplanen for reiseliv i Ørsta. Dessutan deltek Per Atle Røed, Cecilie Rørstad, Nina Viddal, Kari Ryslett og Magne Larsen i planlegginga av festivalen. Foto: svein aam