Studentavisa Nærnett har brote god presseskikk, konkluderer Pressens faglege utval (PFU).

Saka gjeld omtale av ei hending på Moa i fjor haust, der Nærnett skreiv at ein person vart nekta å vere med bussen tilhøyrande Nettbuss av ein bussjåfør. Denne personen er rullestolbrukar. Nærnett vinkla saka slik at det stod fram som om bussjåføren ikkje ville ha med vedkomande av vrangvilje.

Yrkestrafikkforbundet klaga saka inn til PFU, og PFU gjev medhald i at Nærnett har brote to punkt i Vær Varsam-plakaten. Det gjeld punkta om imøtegåing og krav til faktakontroll. PFU konkluderer med at dersom Nettbuss hadde fått imøtegå saka, hadde årsaka til tranportnekten, at bussen ikkje var utstyr for å ta rullestolbrukarar om bord, ha kome fram.