Torsdag vedtok kommunestyret planen for forvaltningsrevisjonen fram til og med 2019.

Desse områda skal var lagt fram frå kontrollutvalet si side (ikkje prioritert rekkefølgje):

Barnehage /grunnskule – tidleg innsats, barnevernstenesta – oppfølging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, pleie og omsorg – kvalitet/tenestetilbod, innkjøps- og anbodsprosessar, avvikshandtering og KOSTRA.

– Meininga med desse revisjonane er å gå djupare område der vi meiner det til dømes er fare for at ressursar blir brukt feil eller at det er risiko for avvik, sa Sven Castberg (H), leiar i kontrollutvalet, då saka var oppe i kommunestyret.

Det er det uavhengige sekretariatet for kontrollutvalet som har lagt fram forslaget til område som skal prioriterast.

Kjøp og sal av eigedommar

Hans Olav Myklebust (Frp) foreslo på vegner av Frp at PP-tenesta blir inkludert i revisjonen av barnehage og skule. Dei ville også legge til sal av kommunale eigedommar under innkjøps- og anbodsprosessar.

Castberg var samd i punktet om PP-tenesta.

– Men sal av kommunale eigedommar kan ikkje kome inn under innkjøps- og anbodsprosessar. Kommunestyret har all mynde i slike sal, og slike sal kan ikkje vere gjenstand for forvaltningsrevisjon.

Fekk ekstra kulepunkt

Søre Sunnmøre kommunerevisjon sitt innspel var at dersom kommunen har vedteke eit regelverk for kjøp og sal av kommunale eigedommar, så kan kommunerevisjonen gå inn og kontrollere at dette blir følgt.

Myklebust gjorde framlegget om til eit eige kulepunkt, og fjerne det frå revisjonen av innkjøps- og anbodsprosessar.

– Då kan kontrollutvalet gå inn og prioritere som dei ønskjer.

Det vart stilt spørsmål om kommunen har eit regelverk om kjøp og sal av kommunale eigedommar.

– Om dette er uklart, så viser vel det behovet for å ta ein gjennomgang av dette området, sa Myklebust

Han fekk gjennomslag og kommunestyret gjekk in for å legge til eit kulepunkt om kjøp og sal av kommunale eigedommar i bestillinga av forvaltningsrevisjonar. Det blir opp til kontrollutvalet å prioritere kva som skal reviderast først.