Levekårsutvalet har løyvd 17.500 kroner, og har spelt ballen vidare til formannskapet for å få dei til å betale dei resterande 20.000 kronene. Men formannskapet veit ikkje kvar dei skal ta pengane frå. Saka var oppe som referatsak i møtet tysdag, men vart grundig diskutert.

– Eg hadde håpt å få med meg formannskapet på å løyve midlar, men eg har ikkje klart å kome fram til kvar vi skal ta pengane frå, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Ho meiner kommunen bør bidra til det som er eit av dei mest verdifulle kulturminna i Ørsta og på Vestlandet.

– Når levekårsutvalet gravd djupt og har gitt 17.500 kroner, så har vi vore rause. Eg er meir skeptisk til å nytte 20.000 kroner som vi ikkje har dekning for, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

Gunnar Knutsen (V) fekk formannskapet med på å utsetje saka og bad administrasjonen sjå på om det er mogleg å få til ei finansiering.