Før helga melde metereologane kraftig vind m.a. på Søre Sunnmøre. Kraftige vindkast gjorde at heisane på dei lokale skitrekka stod stille for det meste påskeaftan, og 1. påskedag var det berre barne- og familetrekka som var i drift både på Ørsta skisenter og Volda skisenter. Målestasjonen på Eitrefjell har registrert vindkast på 38,7 m/s 1. påskedag, og det er over 140 km/t.

Det har og blitt sendt ut obs-varsel om at det er venta sørleg liten storm utsette stadar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal søndag kveld. Det kan kome vindkast på 25-35 m/s. Søndag og måndag vil kraftig vind og periodar med nedbør gje lokalt vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane i Sør-Noreg.