Tall Ships Races inviterer Ørsta kommune til å vere ei av vertshamnene under den store seglskutefesten komande år.

Ålesund og Kristiansand kommunar er vertshamner for seglskutetevlinga Tall Ship Races i 2015. No ynskjer Ålesund kommune at fleire hamner på Sunnmøre gjev plass til nokre av seglskutene under besøket.

Seglskutene kjem til Ålesund den 15. juli etter ein konkurranseetappe frå Belfast. Skutene skal vidare til Kristiansand den 18. juli.

Seglasen frå Ålesund til Kristiansand er utan konkurranse, og det er meininga skutene skal innom opp til ti gjestehamner/kommunar på veg sørover.

– Vi ynskjer sterkt at kommunen skal vere ei av ti moglege Cruise in Company-hamner på strekninga mellom Ålesund og Kristiansand, seier prosjektleiar Albert E. Gjørtz.

Etter at dei ti hamnene er valde ut, er det opp til skutene sjølve å avgjere kor mange av desse destinasjonane som vert vitja.

– Erfaringa viser at skutene vel hamner som har noko å tilby mannskapet i form av ulike opplevingar, eller hamner der skutene har mulegheiter til økonomiske føremoner, som til dømes at bedrifter/foreiningar leiger skutedekket til selskap nokre timar, fortel Gjørtz.

Tall Ships races er ein seglas for ungdom, og der ungdom er mannskap. Seglskutene finansierer seglasen delvis ved å ta om bord mannskap frå ymse hamner. Difor vert Ørsta også oppmoda om å stille med mannskap. Prisen per deltakar er 7.000 kroner.

Ørsta har frist til 1. november på å svare på om kommunen vil vere gjestehamn under The Tall Ships races.

Førre gong det var ein slik seglas på Sunnmøre var fleire skuter innom både Ørsta og Norangsfjorden.