– Regjeringa er opptatt av å sikre trygge og effektive reisevegar for både næringsliv og folk flest. Strynefjellstunnelane har behov for utbetringar, og fleire alternative løysingar har vore greia ut. Regjeringa har no avgjort at Statens vegvesen skal legge til grunn løysinga med lang tunnel som erstatning for Strynefjellstunnelane på rv. 15. Den løysinga gir best framkommelegheit på lang sikt og bidreg med minst mogeleg problem for trafikantane i byggeperioden. Dette kjem alle brukarane av Strynefjellet til gode, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.
Alternativet gjer det mogleg å bygge ny veg samtidig som folk framleis kan bruke den gamle.
Det vil også bli lagt til rette for tilkopling til ny veg frå Geiranger. Vegen er ein fylkesveg og det er difor fylkeskommunane som må prioritere pengar til ei eventuell utbetring av strekninga.
– Eg har vore i regionen ved fleire høver for å køyre strekninga, møte næringsliv og lokale styresmakter. Dette har vore nyttig i vår prosess med å ta avgjerd. No ser vi fram til at alle partar jobbar godt saman for å finne gode løysingar som gir høg nytte og låge kostnader for prosjektet, seier Solvik-Olsen.
Samferdselsdepartementet vil no sende eit oppdrag til Statens vegvesen om å halde fram planlegginga av ny fjelltunnel, slik at den kan vurderast inn i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022–33.