Frelsesarmeen takkar alle som gav pengar i julegryta.

– Innsamlinga i Volda og Ørsta gav denne gongen meir enn 100.000 kroner til det lokale hjelpearbeidet. Dette er ein god del meir enn i fjor, då det vart samla inn kr.76.000, opplyser Ingrid Bjørke i Frelsesarmeen Korps Volda.

-Takka går og til kundar ved Kiwi Røysbakken som gav ein god del matvarer. Dette vart delt ut som eit supplement til Frelsesarmeens matutdeling til jul, seier Ingrid Bjørke