Aurstad har vore Ørsta kommune sin representant dei to siste åra, og hans styreplass står no på val.

Formelt er det valnemnda til Tussa Kraft AS som innstiller på styremedlemmer til generalforsamlinga, men det er svært sjeldan at valnemnda kjem fram til noko anna enn kven kommunane sjølve ynskjer som sine representantar i styret.

Formannskapet rår også til at Bente Reklev vert attvald som varamedlem for Aurstad.

Ørsta kommune har i kraft av posisjonen sin to styremedlemer i Tussa-styret. Den andre er Inger Sandvik Sundnes. Ho står ikkje på val denne gongen.