Denne veka fullførte seksten unge vartdalingar skyteskulen til Vartdal skyttarlag. Skyttarmiljøet på Vartdal er størst blant barn og unge på Søre Sunnmøre.

– Vi har lært mykje på skyteskulen, og det har vore kjekt. Vi har lært oss å skyte, og det handlar både om skytestilling, rett avtrekk, pusteteknikk og det å sikte, fortel Rakel Hustad Bjørndal (12) og Laurits Jarl Dagenborg (12).

Skyteteknikk

Dei er to av seksten som har fullført skyteskulen på Vartdal. I løpet av fem kveldar på nyåret har dei lært det mest grunnleggjande om skyteteknikk, og får no tilbod om å vere med vidare i Vartdal Skyttarlag som rekruttar.

Instruktørar har vore Vidar Johan Vartdal frå Vartdal Skyttarlag og Asbjørn Myklebust frå Hovdebygda og Ørsta.

Les meir om skyttarmiljøet på Vartdal i papirutgåva torsdag.