Ein nyare Volvo fekk ein del skadar etter at det braut ut brann i bilen like før kl. 19.00 fredag kveld.

Det var ingen personar som kom til skade, då bilen stod tom då det byrja å brenne.

Bilen stod parkert utanfor Kiwi-butikken i sentrum, og det var tilfeldig passerande som såg at det brann frå bilen, og 110 vart varsla.

Ørsta Brann og redning rykte ut med mykje mannskap og tankbil, og fekk raskt kontroll. Ein privatperson hadde alt starta sløkking med å nytte ein slange som vart tilkopla ei kran på Kiwi-bygningen.

Også politi og ambulanse rykte ut, men det var altså ingen personar som kom til skade. Bilen fekk større skadar.