Og nokre er så store Hobbiten-fans at dei har kledd seg ut som figurane i den nye filmen.

På Ørsta kulturhus er det no også skapt eit Hobbiten-univers, eller Hobbiten-land, med lyd- og lyseffektar som gjev ei stemningsfull ramme.

– Det er fint å kunne gje kinopublikum ei rikare kinooppleving gjennom denne Hobbiten-pyntinga, synest kinosjef Janne Grytten Skarstein.

Effektar

Jiri Nagy hadde, med god hjelp av Richard Hill og vaktmeisteren, pynta kulturhuset i effektar med lys, lyd og bilete, som fekk kinogjengarane i den absolutt rette stemninga.

– Eg har ideane, og Richard er med på å realisere dei, fortel den særs dyktige

Nagy som har lang erfaring innan mellom anna scenografi. Jiri Nagy og medhjelparane brukte tre dagar på å lage Hobbiten-land i kulturhuset, og dei måtte bruke natta til hjelp.

Det er hektiske dagar for Jiri, for no i helga har han også ansvar for scenografien under ballettframsyningane.

Elskar

– Eg gjer dette fordi eg likar det. Eg elskar Hobbiten, og har lese boka fem gonger.

– Kva synest du om filmen?

– Han er veldig bra. Ja, heilt perfekt! Ivrar Nagy om Gandalv, Bilbo og tretten dvergar – med Thorin Eikenskjold i spissen, som er på veg til Ensomfjellet for å gjenerobre dvergane sitt kongedøme. Fjellet skjuler store freistande rikdommar som draken Smaug passar på.

Ein innertiar for dei som likar eventyr og action, ikkje minst i 3D.