Årsaka til vegstenginga var stor rasfare i samband med nedbør.  Avgjerda vart teke saman med geolog og folk med god lokalkunnskap.

Statens vegvesen Region midt  søkte Vegdirektoratet om førebels sikkerhetsgodkjenning av nye Hjartåbergtunnelen, som etter planen skulle opne i mars. Sikkertsgodkjenninga kom på plass søndag kveld, og tunnelen vart måndag morgon opna for kolonnekøyring sjølv om den ikkje er heilt ferdigstilt.

Det er pårekna ei ventetid på rundt 6-7 minutt for dei reisande grunna kolonnekøyringa.

For personbilar er det også mogleg å køyre fv. 43 gjennom Aldalen.