– Vi gler oss til å kome i gong. Dette skal verte eit flott senter, seier kjedeansvarleg David Andersen i Aktiv Trening, og viser fram 3D-teikningane av korleis han ser føre seg innreiinga.

Fullsortimentssenter

I dag er det berre Solvita Frisør som held til i første etasje i bygget, etter at KontorPluss og Nordea flytta ut. Dermed ligg mykje til rette for å lage eit romsleg treningstilbod.

– Det skal verte eit fullsortimentssenter. Det vil seie at vi skal ha med alle fasilitetar, pluss ein del nye aktivitetar som crossfit. Det vert tre salar til forskjellige typar gruppetimar: Ein stor spinningsal, ein multiinnreia gruppesal til allsidig bruk, og ein crossfitsal. Senteret skal halde ope frå fem om morgonen til elleve om kvelden heile året, seier Andersen.

Nest største i kjeda

Med 1.200 kvm vert senteret det nest største av dei til saman 15 sentra i kjeda. Det største ligg på Blindheim og er på 1.300 kvm.

– Vi har arbeidd i eit par år for å finne den ideelle plasseringa i Ørsta. Her er det lett tilkomst i første etasje, og utanfor ligg kanskje det beste parkeringsområdet i bygda, seier han.

– Korleis vurderer de marknaden i Ørsta?

– Det er nokre tilbod frå før i Ørsta, men det er plass til fleire treningstilbod. Difor ser vi mulegheitene. Vi trur ikkje at vi kjem til å øydelegge for nokon. Heller at vi er med på å auke interessa for trening, seier Andersen.

– Noko for alle

Vel to millionar kroner skal dei investere i det nye senteret. Det skal kjøpast inn apparat frå amerikanske Star Trec og Teca, det skal haldast Grethe Rhode Aktiv-kurs, og senteret skal ha personlege trenarar.

Til å ta seg av den daglege drifta, har Andersen med seg Stine Marie Løvoll på laget. Ho vert senterleiar og personleg trenar på det nye treningssenteret.

Løvoll håper senteret kan bidra til at enno fleire tek steget opp frå sofaen og byrjar trene.

– Det kjem stadig fleire treningsaktivitetar, noko som gjer at stadig fleire kan finne noko dei likar, berre dei vågar seg over dørstokken og prøver. For mange er det ein terskel berre å kome inn i eit senter, men når dei først er her, er det berre positive opplevingar ved at folk finn treningsformer dei likar, seier Løvoll.

I tillegg til private medlemskap, vil Aktiv Trening fri til næringslivet og tilby bedriftsavtalar for tilsette.