Framlegget til oreigning kjem i samband med at kommunestyret i Volda har vedteke ein detaljreguleringsplan for Furene industriområde.

– Tvangsinngrepet for Åm Eigedom er meir til gagn enn skade, kommenterer rådmannen som viser til intensjonen i reguleringsplanen.

Skjøn

I tilrådinga går det fram at Volda kommune vil søkje fylkesmannen i Møre og Romsdal om løyve til å ta grunnen i bruk før det er halde skjøn.

Bakgrunnen for reguleringa er å dekkje Åm Eigedom sitt behov for tilleggsareal. Verksemda har konkrete planar for utviding og dei ynskjer å byggje vaskehall, eventuelt sørvis og verkstadhall. Grunna plassbehov kan ein slik hall berre etablerast sør for eksisterande bygningsmasse, primært som tilbygg.

Tingingar

Etter først å ha sendt eit skriftleg tilbod, har det også vore halde tingingar mellom kommunen og Oddrun Årflot som ikkje har ført fram.

Ifølgje kommunen skal Oddvar Åm også tidlegare ha prøvd å kome fram til ein avtale med Årflot.

– Åm har stadfesta at han står ved det tilbodet han kom med. Av omsyn til gjeldande prisar for industritomter i området, kan ein ikkje gå høgare enn dette tilbodet. Når dette ikkje er akseptert av grunneigar, og heller ikkje kommunen sitt tilbod om friviljug skjøn er akseptert, finn vi at grunnlaget for oreigning er til stades, seier rådmannen.