Mensa er ei foreining for alle som skårar 131 poeng (standardavvik 15) eller meir i ein standardisert IQ-test. Dette svarar til to prosent av befolkninga. Foreininga ser etter fleire medlemmer i distriktet, så laurdag om halvanna veke vert det arrangert IQ-test på Folkehøgskulen i Ørsta.

Bak initiativet står Audun Aspjell, som er mastergradstudent ved Høgskulen i Volda. Han har flytta hit frå Trondheim, der han var aktivitetsansvarleg i lokalforeininga. No ønskjer han altså å skipe ei liknande foreining her. Problemet er at det i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre berre er fire Mensa-medlemmer: to i Volda og to i Ulsteinvik.

Med to prosent av befolkninga i målgruppa, er det difor fleire hundre potensielle medlemmer i både Ørsta og Volda.

Asphjell trur det er nok å ta av i rekrutteringsarbeidet.

– Kanskje kan ein verte den første Mensa-medlemen i Ørsta? Det er jo ein del ingeniørkompetanse på til dømes Ørsta stål og Vartdal plast. Men høg intelligens kan dukke opp over alt, i alleyrke.

– Kva gjer ein på i eit Mensa-lokallag?

– Primært er det ein sosial møteplass med pubkveldar, spelkveldar, foredrag og ekskursjonar. Det er også mykje aktivitet på nettet, mellom anna på eit nettforum og ei løynd Facebookgruppe der absolutt alt vert diskutert, seier Asphjell.

I lokalforeininga i Trondheim var det kring hundre medlemmer, der tjue av dei var aktive. Asphjell reknar med ein bør ha minst ti aktive medlemmer for å få eit velfungerande lokallag.

– Dess fleire som vert med, dess betre miljø vert det, seier han.

Dei som vil sjekke om dei kvalifiserer til medlemskap, får høve til det laurdag 12. oktober på Møre Folkehøgskule. Der kan ein ta ein IQ-test som består av eit hefte med 45 figurative oppgåver som må løysast på tjue minutt.

Svara vert sende inn til Sverige og sjekka. Resultatet får ein i posten etter nokre veker, eventuelt saman med eit tilbod om medlemskap i foreininga.