Ørsta Brann og Redning skal ha brannøving i Ytre Hovden i eit hus ved Hovden Møbel. Føremålet med øvinga er at brannmannskapa skal ha praktisk trening med røykdykking, redning og sløkking.

Øvinga går føre seg om ettermiddagen 6. juni, og Ytrehovdevegen vert under øvinga stengt for gjennomkøyring ved Hovden Møbel.

Ved ugunstig ver og vindforhold kan øvinga verte utsett til måndag 10.6.

Det er Ørsta kommune som melder dette.