Levekårsutvalet i kommunen, som mellom anna gir tilråding i skjenkjesaker, handsama sist veke ein søknad frå kaffibaren Fugl Fønix. Dei har søkt om å få servere øl, vin, cider og brennevin både inne og ute på eit nyleg opparbeidd område.  Verksemda har også lyst til å importere sin eigen alkohol.

Det kan sjå ut som at søknaden går i orden, for det store fleirtalet i levekårsutvalet hadde ingen innvendingar mot at den populære kaffibaren no også får alkohol på menyen. Berre Marit Steinnes (KrF) markerte eit klart nei.

- Å avgrense tilgjengelegheita til alkohol er upopulært, men effektivt i høve skadeverknader, sa Steinnes. Ho hadde ei von om at kaffibaren framleis kunne få vere ei frisone utan alkohol.

Per Are Sørheim (H) var usamd.

Tilvekst

- Fugl Fønix har vore ein viktig tilvekst til urbaniseringa av Ørsta sentrum. Eg er trygg på at innehavarane vil handtere eit skjenkjeløyve på ein god og ryddig måte. Det vil vere svært uheldig viss dei ikkje får løyve, meinte Høgre-politikaren.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) sa at kaffibaren er helsefremjande og at det er ein møtestad der folk også må få kunne kose seg med eit glas vin, som han uttrykte det.

Det er formannskapet som skal avgjere om Fugl Fønix får selje alkohol. Får dei det, vil folk kunne få kjøpe seg alkohol frå klokka elleve til midnatt frå måndag til torsdag - og frå klokka elleve til 01.00 i helga viss kaffibaren har ope så lenge.

Brennevinsserveringa vil kunne starte klokka 13.00 til midnatt alle dagar både inne og utandørs.