Dei nominerte vart offentleggjort onsdag, og saman med Håskjold Nyland er Rune Jarstein (Viking), Piotr Leciejewski (Brann), Adam Larsen Kwarasey (Strømsgodset) og André Hansen (Odd) nominert til prisen.

Ørjan Håskjold Nyland kom til Molde frå Hødd før denne sesongen, og etablerte seg raskt som førstevalet i mål til dei regjerande seriemeistrane. Morkabygdingen leverte eit strålande U-21 EM for Noreg, og saman med prestasjonane for Molde vart han lønna med uttak på landslaget. Håskjold Nyland var også veldig delaktig til at Molde slo ut Lillestrøm i semifinalen i cupen, og at laget skal møte Rosenborg i cupfinalen.

Det er klubbane i Tippeligaen som avgjer kven som vinn dei ulike prisane, og kvar klubb har tre stemmer kvar. Ei stemme frå leiinga, ei frå trenarapparatet og ei frå spelarane.

I tillegg til Håskjold Nyland er Sivert Heltne Nilsen nominert til prisen årets spelar i Adeccoligaen, og dermed kan to tidlegare Volda-spelarar ta kvar sin Kniksen-pris.