I møte før jul i fjor sa kommunestyret i Volda førebels nei til å innføre eigedomsskatt, men ja til å bestille ein analyse som vil gi ei oversikt over inntektspotensialet. No er analysen klar.

Høgare takst enn i Ørsta

I Ørsta vart gjennomsnittsbustaden taksert til 1,3 millionar kroner i ein tilsvarande rapport frå tidlegare i år. Ein huseigar må då betale 2.260 kroner i eigedomsskatt, dersom promillesatsen er på det lågaste, to promille.

I Volda vert gjennomsnittsbustaden taksert til rundt 1,8 millionar kroner, noko som betyr at huseigar må betale 3.600 årlege kroner i eigedomsskatt, med promillesats på to. Husstandarden i Volda vert kort og godt vurdert som betre enn Ørsta, både når det gjeld storleik på husa og alder.

For ein eigedom i Volda som er taksert til 2,5 millionar kroner vil eigedomsskatten utgjer 5.000 kroner ved to promille, 7.500 kroner ved tre promille og 10.000 kroner ved fire promille.

Eigedomsskatten vil sjølvsagt variere frå bustad til bustad, alt etter storleik, alder og liknande, og vil også vere avhengig av kva vedtak om botnfrådrag kommunestyret gjer. Eit botnfrådrag vil gje mindre i eigedomsskatt for huseigarane. I Ørsta skal også vere ytra ønske frå nokre om å basere eigedomsskatten på likningsverdien av bustadene, noko som vil gi mindre inntekter til kommunen, og mindre å betale i eigedomsskatt for huseigarane.

Pengar til  kommunekassa

Med ein promillesats på to vil Volda kommune totalt kunne rekne med ei inntekt på 14 millionar kroner årleg frå eigedomsskatten.

Men dersom det er likningsverdien som er lagt til grunn vil inntekta vere på åtte millionar.

I Ørsta vil tilsvarande inntekt til kommunekassa vere 13 millionar kroner med ein promillesats på to.

Inntektspotensialet i Volda med høgste promillesats, sju, er estimert til 52 millionar kroner, der 48 millionar kjem frå ordinære eigedomar, og fire millionar frå næringseigedomar/verk og bruk.

Eigedomsskatten skal vere minst to promille, men ikkje meir enn sju promille av taksten. Det første året den vert skriven ut må den ikkje vere større enn to promille. Seinare kan skatten verte auka med maksimalt to promille per år.

Mykje peikar mot at også Volda til slutt vil seie ja til eigedomsskatt. Mellom anna ligg inntekter frå eigedomsskatten inne som ein føresetnad for å bygge ein ny og uttalt høgst nødvendig sentrumsskule.