– Det er mykje betre å vere open på ubalanse enn å prøve å trikse med inntekter og utgifter for at det skal vere balanse på papiret, seier rådmann Rune Sjurgard i eit skriv til politikarane i Volda. Formannskapet skal handsame budsjett og økonomiplan 3. desember, før saka skal opp i kommunestyret 19. desember.

Store kutt

Rådmannen seier at salderingstiltaka vedkjem store delar av drifta og utfordrar mange interesser i Volda kommune.

– Dette er konfliktfullt.

Kommunestyret er dei som må avgjere kva område dei vil gjere grepa på for å få kommunen sin økonomi på rett kjøl.

– Men uansett kan ikkje dette verte gjort utan reduksjon i tenestetilbodet, seier rådmannen

Rådmannen har ikkje foreslått nedlegging av skular eller flytting av klasser i budsjettet. Dette vil kome seinare i ei eiga sak om skulestruktur.

– Ver realistiske

Eit av tiltaka rådmannen foreslår er å innføre eigedomsskatt også for verk og bruk frå og med neste år. I august vedtok politikarane eigedomsskatt, men berre for bustader og fritidseigedomar.

– Eg vil sterkt oppmode kommunestyret om å budsjettere realistisk og vere tydeleg på strategien for å kome i balanse i løpet av økonomiplanperioden (2014-2017). Det vil vere svært demotiverande dersom vi skal måtte rapportere på urealistisk budsjett.

Budsjett i ubalanse vil resultere i at Volda kommune vert med i Robek-registeret i 2014, i selskap med mellom andre Ørsta.