Det var i juli 2008 at den tiltala, som då var 16 år, var involvert i ei mopedulykke saman med den 16 år gamle David Mork Folkestad. Mopeden med dei to hamna utfor vegen i Hovdebygda, og Mork Folkestad omkom i ulykka.

Politiet sine granskingar etter ulykka slo fast at dei to ungdommane var påverka av alkohol, og at mopeden dei to køyrde var trimma, og dessutan hadde tekniske manglar.

Feil lovbruk

21-åringen vart fyrst tiltalt for aktlaust drap ved at han hadde køyrt mopeden, subsidiært at han hadde medverka til aktlaust drap. Han vart kjend skuldig i tingretten, men saka vart anka til lagmannsretten. Lagmannsretten oppheva då dei delane av saka som galdt aktlaust drap grunna lovbruken til tingretten. Den no 21 år gamle mannen vart dømt til ei bot på 10.000 kroner for å ha trimma sykkelen, og ha nytta han trass i at han hadde tekniske manglar. Denne delen av dommen vart ståande.

I og med at lagmannsretten oppheva dei delane av dommen som galdt aktlaust drap, kom saka opp att for tingretten på nytt i fjor. Då vart 21-åringen dømt til fengsel i nitti dagar på vilkår for aktlaust drap, og med ei prøvetid på to år.

Lagmannsretten

Lagmannsretten har i stor grad slått fast dommen i tingretten. Lagmannsretten viser til at tingretten sine vurderingar når det galdt kven som køyrde mopeden. Då fann tingretten det ikkje prova kven som køyrde mopeden. Retten kom til at den no 21 år gamle mannen var passasjer, men at krava til aktsemd også galdt for han.

Aktløyse

Lagmannsretten kjem til at 21-åringen må dømmast for aktlaust drap fordi det må sjåast på som aktlaust at han ikkje rekna med at mopedkøyringa kunne føre til dødsulykke. Lagmannsretten peikar på følgjande forhold som aktlause:

* At den tiltalte overlet mopeden til kameraten, som då var seksten år og ti månader gammal, og som var alkoholrusa. Noko som måtte vere tydeleg for den tiltalte.* At han overlet til kameraten ein moped som var trimma for hastigheit inntil 80 km/t.* At han overlet til kameraten ein moped som mangla front- og blinklys.* At han overlet til kameraten ein moped som ikkje hadde bremser som verka på bakhjulet, som hadde avgrensa bremseverknad på framhjulet.* At han sjølv vart med som passasjer trass i at mopeden i Noreg berre var godkjent for førar med tillegg av passasjer inntil ti år.* At kameraten, i motsetnad til den tiltalte, mangla opplæring og førarkort for moped.* At kameraten, i motsetnad til den tiltalte, ikkje brukte hjelm.

«Livsfarleg»

– Lagmannsretten ser det samla slik at den tiltalte overlet eit «livsfarleg» køyrety til ein førar som på grunn av ung alder, manglande opplæring og alkoholpåverknad hadde vesentleg redusert evne til å handtere køyretyet, heiter det i domsutgreiinga.

Lagmannsretten meiner det ikkje er naudsynt å ta stilling til kva for ein av den nemnde risikofaktorane som konkret førte til trafikkuhellet med dødeleg utgang.

I straffeutmålinga legg lagmannsretten i formildande retning vekt på at det har gått usedvanleg lang tid frå ulykka og fram til handsaminga i retten. Det meiner retten gjer det heilt klart at straffa må verte vesentleg mildare enn normal rettspraksis.

90 dagar på vilkår

Straffa vert difor sett til fengsel i nitti dagar på vilkår, og med ei prøvetid på seks månader. Krav om tap av førarkort og sperrefrist fell vekk fordi det ikkje vert sett på som aktuelt. Eit krav om oppreising til den omkomne sine foreldre vart ikkje teke opp til vurdering, då det vert stilt som krav at ein må vere kjend skuldig i grov aktløyse dersom eit slikt krav skal verte handsama.