Åm Eigedom AS har behov for tilleggsareal for å utvide verksemda si i Furene, og i møte i juni i år sa fleirtalet i kommunestyret i Volda ja til å oreigne delar av nabotomta, men fleirtalet sa nei då dei kom til punktet som skulle stadfeste at tvangsinngrepet, som vart gjort til fordel for Åm Eigedom AS, var meir til gagn enn skade.

Må gjere nytt vedtak

– For å luke all tvil til side, i og med at kommunestyret med 18 mot 8 røyster faktisk gjorde eit oreigningsvedtak, vil eg rå til at kommunestyret stadfestar at vedtaket tvillaust er meir til gagn enn skade ved å gjere nytt vedtak i saka, skriv rådmann Rune Sjurgard i sakspapira.

Saka må dermed opp på nytt i formannskap og kommunestyre denne månaden.

Rådmannen seier at eit nytt vedtak er i samsvar med tilrådinga frå kommunen sin prosessfullmektig som seiar at det bør verte gjort eit nytt, samla oreigningsvedtak der kommunestyret uttrykkeleg omtalar «meir til gagn enn skade».

Advokat til grunneigar av nabotomta til Åm Eigedom AS har alt vore i kontakt med kommunen og peika på at eit grunnvilkår for gyldig oreigningsvedtak er nettopp at inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade, og at dei difor ikkje vil godkjenne vedtaket frå juni i år.

Åm Eigedom har konkrete planar for utviding, og ønskjer å bygge vaskehall, eventuelt service. og verkstadhall.

Grunneigar har uttrykt ønske om å sjølv nytte arealet, men har ikkje lagt fram konkrete planar for kommunen.