I Ørsta og Volda har ikkje vêret vore eit stort problem så langt, men vinden har no teke seg opp. På Vartdal, Festøy, Trandal og Rjånes var det straumbrot i vel ein time torsdag morgon, og mellom Straumshamn, Folkestad og Dale var også straumen vekk nokon timar. Årsaka ved begge straumbrota var tre som låg over kraftlina. Tussa har også auka beredskapen.

Det er venta at vêret vil auke i styrke utover dagen og kvelden. Statens vegvesen melder at dei har sett krisestab i samband med det varsla ekstremvêret i Møre og Romsdal.

– Vi har tett kontakt med entreprenørane våre, som har kalla ut ekstra personell. Vi er spesielt merksame på bruer, fyllingar og andre utsette deler av vegnettet. Bruer og ferjesamband kan verte stengt på kort varsel, opplyser Statens vegvesen.

Politiet er også merksame, og lensmann Guttorm Hagen ber folk om å vere varsame om vêret skulle auke i styrke.

– Den tryggaste plassen å vere om det bles godt er inne i huset. Sikring av lause gjenstandar bør skje før stormen tek til. For folk som er ute på vegen så er det lurt å køyre litt saktare stader der vinden tek godt, eller det kan kome sterke vindkast.

Lensmannen ber folk også om å vere merksame på område med granskog.

– Folk bør halde seg godt unna granfelt. I storm så kan både toppar brotne av og fyke langt, i tillegg til at fleire graner kan falle ned samtidig.

Den aukande vinden har også skapt problem for flytrafikken på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.

Det er venta at det verste uveret vil slå inn i nord-fylket og i Trøndelag.