– Korleis står det til med gluteus etter førre økt?

Personleg trenar Stine Marie Løvoll studerer Astrid Kalvatn (55) som varmar opp med ein nesten-spagat på golvet hos Aktiv Gym i Volda. Gluteus er den store setemuskelen, men Kalvatn har byrja å verte driven i fagspråket.

– Det kjennest bra ut, seier ho, og strekk seg.

– Eg tåler meir og meir.

Enorm utvikling

For litt over eitt år sidan tok Kalvatn sitt første steg inn på eit treningssenter.

– Eg sit mykje i ro på jobben, eg la på meg og eg kom i overgangsalderen. Eg frykta det verste og bestemte meg for å satse, men det var ikkje lett, fortel Kalvatn.

Men å angre har ho aldri gjort. Først prøvde ho seg på dei ulike treningsapparata på eiga hand, men følte ikkje at ho kom nokon veg. Ho såg kor effektivt det var for dei som trente med personleg trenar. Neste terskel var å bestille ein time til seg sjølv.

– Eg starta med ein time i veka, så auka vi til to, og no har eg personleg trenar tre gongar i veka. Eg er i mykje betre form, har teke av 10–12 kilo, og alt er mykje lettare, fortel Kalvatn medan ho trekk pusten mellom to øvingar.

Stine Marie Løvoll pustar henne i nakken heile tida, pushar henne, fortel henne kva ho skal gjere og korrigerer teknikken.

– Ho løfter vekter som ei gudinne. Betre enn dei fleste. Ho jobbar svært godt med teknikken, og har hatt ei enorm utvikling, rosar Løvoll.

Nytt tilbod i Volda

Aktiv Gym Volda høyrer til «Aktiv trening» som er ei kjede med totalt 15 senter, primært på Sunnmøre. Løvoll har jobba ved Aktiv trening i Ulsteinvik og på Hareid i fire år, men har sidan august jobba som senterleiar og personleg trenar ved Aktiv Gym Volda.

– Eg følgde med frå Ulsteinvik, ler Kalvatn.

Ho bytta treningssenter for å få ha Løvoll som personleg trenar.

– Det er utruleg kva Stine har gjort med kroppen min.

– Vi får seie at det er eit samarbeid. Det er du som gjer den største jobben, repliserer trenaren.

I Ulsteinvik opplevde Løvoll at det var ventelister på timane med personleg trenar. No håper ho at tilbodet dei har starta opp i Volda vil verte minst like populært.

Aktiv Gym Volda har ikkje hatt eit tilbod om personleg trenar før, men satsar no stort på dette. I tillegg til Løvoll har dei tilsett ytterlegare to personlege trenarar.

– Det er ikkje lenger berre eit luksusgode. Det er for alle, i alle storleikar og fasongar og fysisk form. Og det er også muleg å trene saman med nokon om folk helst vil det.

Dei har også eigen idretts-PT for «supermosjonisten» som ønskjer å satse meir mot konkurransar.

– Og vi leikar ikkje med helsa til folk. Vi har kompetanse og veit kva vi styrer med, lovar Løvoll.

Ingen unnasluntring

Astrid Kalvatn køyrer ei 55 minutt økt. Det nærmar seg slutten.

– No har eg nesten ikkje meir krefter. Fy flate, seier ho.

Men ho klarer å løfte vektene ein gong til. Og enno ein. Og ein tredje.

– Det er vedunderleg, seier ho, når vektene er ferdigløfta.

– Det er dette som er fordelen. Når du trur du ikkje klarer meir, så vert du fortalt at du klarer litt til. Det gir resultat. Du får køyrt deg litt ekstra, og kan ikkje sluntre unna, seier Kalvatn.

Før likte ho å slappe av. Det gjer ho no også.

– Men no klarer eg ikkje å slappe av før eg har vore og trent. Eg har fått eit heilt nytt liv, og trening vert berre kjekkare og kjekkare.