Shekib Samimi (21) frå Ørsta har gjentekne gongar gått på catwalken for Moods of Norway. No satsar 21-åringen på å verte den nye frontfiguren og supermodellen til landets største solkjede.

I finalen

Laurdag 1. juni stiller 21-åringen som opphavleg kjem frå Afghanistan, som ein av tre gutar til finale i Bergen. I tillegg møter han sju jenter som også er klare for å erobre trona som Brun og blid sin neste supermodell.

21-åringen er den med lengst modell-CV. Han opererer for modellbyrået Heartbreak, og har oppdrag både innanlands og utanlands. Han er ein sjølvskriven modell under Oslo Fashion Week. På Facebook har han eiga fanside med 14.000 følgjarar. Shekib har fått med seg at det er lenge sidan den einaste mannlege modellen i Brun og blid si historie – handballspelaren Kristian Kjelling – fronta solkjeda.

Singel

21-åringen er singel, og seiar at han rett og slett ikkje har tid til kjærast. Dagane går med til jobbing og trening. Han er assisterande butikksjef ved ein Shell-stasjon, og trenar styrke, kondisjon og kampsport. Berre nokre dagar før årets finale skal han på mange måtar gjennom enno ein finale – det siste hinderet for å verte teken opp som student ved Politihøgskolen.

– Eg skal då gjennom fysiske testar, og deretter personleg intervju. Eg håper det går bra.#<\p>Eg er veldig motivert til å verte politi, seier han.

Vinnaren av finalen i Bergen får ein sjekk på 200.000 kroner, i tillegg til honorar for kvart år han vert brukt som modell. Dersom han vinn, vil Shekib bruke delar av premiepengane på å gi foreldra ein ferie til Dubai, og til veldedige føremål som han er engasjert i.

Shekib forskotterer ikkje sigeren, sjølv om han må reknast som ein av favorittane.

– Det vert eit spørsmål om mann eller kvinne. Det er veldig mange bloggarar som har skrive at det snart bør verte ein mann, og eg er naturlegvis heilt samd, seier han og smiler.