– Til no i år har me om lag 80 ja-svar til lærarutdanninga, og dette nivået har halde seg stabilt dei siste åra, seier Kjøde.

Høgskulen kan ta opp 100 studentar til lærarutdanninga, men dei slit med å få kompetente søkjarar.

Krav

Ulikt dei fleste andre utdanningar er det nemleg nasjonale krav til søkjarar ved lærarutdanningane. Blant anna krevst karakter 3 eller betre i norsk og matematikk frå vidaregåande skule, og snittet av alle karakterar kan heller ikkje vere lågare enn 3,5. Likevel opplever altså Høgskulen i Volda og mange andre lærestader at mange søkjer sjølv om dei ikkje innfrir krava.

Kjøde synest det verkar som at mange søkjarar ikkje er kjende med krava. – Ein kan lure på det, når me år etter år har så mange ukvalifiserte som søkjer, seier han.

Nasjonalt

Direktøren trur det er vanskeleg for Høgskulen i Volda å gjere noko med dette åleine. – Me kan sjølvsagt sjå på korleis me marknadsfører lærarutdanninga, men me er heilt avhengige av at politikarane tek desse problema på alvor. Viss ikkje trur eg det kan verte alt for få utdanna lærarar om få år, avsluttar Kjøde.