– Ofte når eg køyrer tungtransport må eg byggje opp fart for å klare den komande motbakken. Når eg då kjem bak ein personbil som ligg i 60 km/t, klarer eg aldri å kome meg opp i 80 km/t igjen. Det fører ikkje berre til irritasjon for meg, men også for bilane som ligg bak vogntoget mitt. Då kan uhellet vere ute dersom nokon prøver å køyre forbi, seier Hans Høydalsnes.

I februar opplevde han ei slik urovekkjande episode, då ein bilist tok ein bråsjanse og køyrde forbi eit langt strekk med bilar nede i tunnelen.

Dette var vel å merke før snittmålinga kom opp, men hendinga er ikkje unik. Så seint som i dagens utgåve av Møre-Nytt nyttar ein anna lesar spalteplass til å fortelje om ei liknande hending.

Høydalsnes får støtte av kollega Arve Digernes, som sit med dei same erfaringane.

Les saka: - Kjend problemstilling

Les saka: - Ikkje køyr for sakte

– Folk er livredde

Ingen av sjåførane har særleg sympati for trafikksinkene.

– Folk verkar no å vere livredde for å få bot. Så fort dei nærmar seg ei av boksane slakkar dei ekstra mykje ned, noko som fører til ytterlegare irritasjon. Det er masse fæle forbikøyringar her i Eiksundtunnelen, seier Høydalsnes.

Dagleg leiar Rune Koppen kjem med forslag til korleis ein kan unngå trege bilistar.

– Still inn fotoboksane slik at dei også knipsar dei som køyrer for sakte. Det burde bøte på problemet.

99,9 prosent

Då lensmann Guttorm Hagen omtalte problemet  i Møre-Nytt tysdag, sa han at mange bilistar har unøyaktige speedometer, og at ein burde setje opp eit tavle på Sørheim som viser den reelle farta til kvar enkelt forbipasserande.

– Speedometra vi har i lastebilane våre er 99,9 prosent rette, og stadfestar i alle fall at folk held langt lågare fart enn kva som er grensa i tunnelen, seier Høydalsnes.

Trass kritikken, understrekar Digernes at dei er positive til at kontrollen knip dei verkelege fartssyndarane.

– Få tilbake fotoboksen

Der får han også støtte av ei rekkje andre aktørar på Søre Sunnmøre – mellom dei adm. dir. Magne Hetle i Fjord 1 Buss Møre.

– Det er betre at det går litt for sakte enn at folk vert skadde grunna høg fart, seier han.

Dagleg leiar Kjell Arne Aurstad i K.A. Aurstad AS har også tilsette som fører tungtransport gjennom tunnelen. Han vil heller ha tilbake den gamle fotoboksen.

– Det er fyrst og fremst i helgane det er fare for ulykker i Eiksundtunnelen. Det er i dei tider ungdomen skal teste farta når dei er ute og rånar. I kvardagen går trafikken heilt fint, seier han.