Saman med klassevennene Bjørn-Ingar Hamar Nilsen, Karen Johanne Hovde Vollsund og Monika Brandal Moe, kjem dei Møre-Nytt i møte på toppen av den gamle vikinggrava i ved ungdomsskulen i Ørsta sentrum.

Det seiast at det var ved denne haugen vikingane grov ned fleire av sine falne kampfrender, noko som har gjort området kulturminneverdig.

– Eg visste ikkje at dette var ein gravplass før vi byrja på prosjektet vårt, seier Iversen, nøgd med å vere rikare på kunnskap.

No i veke 16 og 17 skal nemleg 100 8. klassingar ved ungdomsskulen ha kulturminne som tema – i form av eit prosjekt der minneverdige konstruksjonar i kommunen skal kartleggjast og gjerast greie for.

Skulen og kommunen samarbeider om hendinga, men regien går til fylkesnivå og vidare oppover til Riksantikvaren som medverkar med pengar.

Atlas

– I 2011 sette Ørsta kommune i gang eit prosjekt for digital registrering av kulturminne, der informasjonen skal lagrast i eit atlas på nettet – utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Her skal både fotografi og andre opplysningar om minneverdige konstruksjonar lagrast, seier prosjektleiar Håvard Krøvel.

Både han og Gunnar Ellingsen har vore svært delaktige i planlegginga og gjennomføringa av ungdomsskulen sitt prosjekt. Neste veke skal fylket også ha kurs for 8. klassingane om korleis dei skal bruke atlaset.

Lærar Marianne Ose meiner ungdomen har stort utbytte av prosjektet.

– Målet er at elevane skal lære meir om den lokale kulturhistoria. I tillegg får dei jobbe praktisk, samle informasjon, ta kontakt og til slutt leggje fram prosjektet for resten av klassa. Det er ein lærerik prosess, seier lærar Marianne Solbjørg Ose.

Interesse

Nokon trur kanskje at dagens unge berre bryr seg om kva som røyrer seg i det digitale nettsamfunnet, og bles i historiske hendingar frå svunnen tid.

Det er aldeles ikkje tilfelle hjå dette koppelet med 8. klassingar.

– Eg og Stian forskar på kalkgruva ute på Digernes, og det tykkjer vi er særleg interessant fordi vi begge kjenner til folk som jobba der ein gang i tida, seier Nilsen.

Jentene Vollsund og Moe tek føre seg Standalhytta – eit byggverk med mykje historie i veggene.

– Det er mange mytar knytta til hytta, og mange av dei er lite hyggjelege med personlege tragediar. Vi tykkjer likevel at byggverket er verdt å ta vare på, seier dei.

Læregevinst

Gjengen har ikkje noko problem med å operere på eiga hand, og understrekar at den praktiske lærebiten og ansvaret bidreg til meir effektiv læring.

– Vi tenker rett og slett ikkje på det som arbeid, og bryr oss genuint om å gjere det bra, seier Vollsund.

Andre minnemerke som skal saumfarast av dei 100 elevane desse vekene er mellom anna Harpedalshytta, Bondalseidet, Kvernhusa i Hovdebygda, Steinsselet på Ossetra og Gamle Øl-huset i Kyrkjegata.