Torjus har studert animasjon på Høgskulen i Volda, og arbeider no på Raindog Studios i Sunnmøre Kulturnæringshage.

Kortfilmen som sikra han prisen er ein animert musikkvideo til låten “Blodtørst” av bandet Kvelertak. Musikkvideoen var eksamensfilmen til Torjus på høgskulen. Videoen vart laga på oppdrag frå bandet, som hadde sett nokre av dei tidlegare produksjonane hans.

Lærerik produksjon

I og med at det var eksamensfilmen, fekk han frie tøylar og stor fridom til oppgåva. Dette gav rom til både kreativitet og eksperimentering.

– Eg brukte den tida eg hadde til rådvelde. Eg starta med å planleggje kva eg ville ha med, og kva eg rakk å lage. Det var ein del ting eg hadde lyst å prøve ut. Når ein lagar noko, vil ein gjerne lære noko nytt i prosessen, så eg gjorde det bevisst litt vanskeleg for meg sjølv ved å prøve ut nye idear. Det gjorde arbeidet gøy, og eg følte eg lærte mykje, seier Torjus.

Musikkvideo

Filmen er handteikna på eit digitalt teiknebrett, og resultatet er ein mørk og rå vikinginspirert musikkvideo som står i stil til songen han vart laga til.

– Eg arbeidde saman med songen heile tida og respondere på variasjonane og følgde dynamikken i songen. Det er greitt å arbeide innanfor eit visst rammeverk, så det vert enklare å vite kva ein skal gjere, seier Torjus.

Kortfilmprisen bestod av ti tusen kroner og eit diplom.

– Det er heilt klart kjempekjekt å vinne prisen. Eg er glad for at folk legg merke til kva eg driv med og kven eg er. Det gjer det kanskje lettare å knyte kontaktar og få meir arbeid.

– Bra miljø

Til dagleg arbeider Torjus Førre Erfjord i nyskipa Raindog Studios, som ein av åtte animatørar. Han seier Volda har vorte ein god stad for animatørar å utvikle seg, difor valde han å busetje seg der.

– Det var allereie nokre frå animasjonslinja som hadde slått seg ned her og arbeidde med animasjon. I tillegg har ein animasjonslinja på høgskulen. Eg føler miljøet med den kreative bransjen i området er veldig bra, og eg er glad for at vi kan vere ein synleg aktør i denne bransjen. Vi håper vi held fram å vekse, difor er vi her. Samstundes er det litt lettare å vere synleg på ein liten plass som Volda i høve Oslo. Eg håper folk ser at ein ikkje treng bu i hovudstaden for å produsere spanande ting med god kvalitet.