Rundt klokka 01.20 natt til tysdag fekk politiet melding frå eit vitne om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen i botnen av Eiksundtunnelen. Bilføraren vart tatt hand om til ambulansen var på staden. Ei kvinne i tjueåra vart frakta til Ålesund sjukehus. Tilstanden skal vere stabil, men det er uklart kor alvorleg skadeomfanget er.

Politi, ambulanse og brannvesen frå Volda og Ulstein var på staden, og tunnelen var stengt til bilen var taua vekk.