Det stadfestar salssjef Kim Thorup i Tussa.
Årets vinter har vore for ein vits å rekne samanlikna med dei to tidlegare åra. Høge temperaturar og mykje nedbør har verkeleg pressa straumprisen ned i kjellaren.
– I tillegg har det vore mykje økonomisk uro i Europa. I ein pessimistisk marknad er folk meir tilbakehaldne med å bruke pengar, noko som fører til lågare straumbruk og mindre trykk i økonomien, seier Thorup.
Under halvparten
Det har ført til at den gjennomsnittlege spotprisen i mars enda opp på om lag 29 øre per kWh – inkludert moms og påslag, men eksklusiv El-sertifikat.
– Det er under halvparten av marsprisen i 2011, som låg på om lag 65 øre per kWh, medrekna dei same pålegga. Ein må heilt tilbake til september 2009 for å finne ein månad der snittprisen var like låg, seier salssjefen, og viser til prisen som då låg på om lag 29 øre per kWh.
Dersom ein tek vekk avgiftene, og berre reknar rein spotpris, kjem årets marspris på 21,245 øre, til skilnad frå 50,188 øre per kWh i 2011.
Over normalen
Dei store mengdene med nedbør har ført til høg vasstanden i kraftmagasina, og gjev eit godt bilde på den trygge kraftsituasjonen vi opplever i år.
– I fjor, då straumen var dobbelt så dyr, hadde vi ein negativ balanse på 40 milliardar kWh under normalen i vassreservoaret vårt. No har vi til samanlikning 8,5 milliardar kWh over normalen. Det gjev sjølvsagt eit utslag på straumprisane som folk merkar godt, seier Thorup.
«Peaks»
Og dersom nokon skulle vere interessert i å spare enda meir straum, er det greitt å vite at enkelte tider av døgnet er dyrare enn andre.
– Ifølgje Nord Pool Spot er det kring frukost- og middagstidene vi finn dei dyraste timane i døgnet. Altså mellom sju og ni om morgonen, og fire til seks på ettermiddagen. Nett no er nok tala litt forskjøve grunna ferietida, seier Thorup.