Vinjevoll frå Ørsta hadde nemleg også teke turen for å fortelje om deltakinga i det Tv-Norge-sendte programmet, og opplevingane ho støytte på undervegs.

3.000 søkjarar kjempa om plass i tv-ruta, og Vinjevoll hadde ei viss aning om kvifor akkurat ho vart vald ut.

– Eg har tilnærma null hemningar, og likar meg best når det er useriøst og uhøgtideleg stemning. Tv-produsentane tenkte kanskje eg kunne bidra til god tv-underhaldning, seier Vinjevoll med eit smil.

Mentalt

Den Oslo-buande sjukepleiestudenten seier det var ønskje om å bryte opp kvardagen og gjere noko utanom det vanlege som låg til grunn for søknaden om å få vere med på 71 grader nord. Ho løyner heller ikkje at ho er glad i utfordringar.

– Vi fekk til dømes drive pendelhopp i Trollveggen, noko som passa meg midt i blinken sidan eg elskar høgder!

Ei anna utfordring som derimot ikkje var fullt så humørfylt, var nok då ho i finalen gjekk 17 kilometer, med ein sekk som samsvarte hennar eiga kroppsvekt (53 kilo).

– Korleis klarte du det?

– Eg har aldri høyrt om nokon som har døydd av å gå med tung sekk, så hjerna er einaste hinder. Berre ein sjølv vil så får ein det til, seier ho.

– Tusen takk

Publikummar Tommy Riise Olsen vart peika ut av konferansier Børre Lødemel til å kome opp på scena for å prøve å lyfte den tunge sekken, noko han omsider klarte.

Eit forsøk på knebøy enda likevel med eit ublidt møte mellom bakende og scenegolv, og eg trur dei fleste vart meir imponert over Vinjevoll si bragd etter det slapstick-innslaget.

– Korleis har tida etter 71 grader nord vore? spør Lødemel.

– Eg har ikkje gjort så mykje ut av meg, men det har nok vorte nokre oppdrag her og der. Eg er student i Oslo no, og pengane kjem veldig godt med der.

Vinjevoll nytta også høvet til å takke alle som stemde på ho, og sytte for at ho ikkje berre vann programmet, men også publikumsprisen.

Følg med på nett og sjå papirarvisa tysdag for meir om Hjørundfjorddagane 2012.

Tommy Riise Olsen (t.h.) klarte kunststykket å lyfte den 53 kilo tunge sekken som Vinjevoll bar på i programmet, men det gjekk ikkje lang tid etter dette bildet var knipsa før han låg med bakenden i parketten. T.v. konfransier Børre Lødemel og Birgitte Hustad Vinjevoll. Foto: Ivar Lid Riise