Tysdag kveld vart det klart at Rune Hovde tek over ordførarvervet etter Gudny Fagerhol. Sjølv om det er med tungt hjarte at han forlet Tussa, gler han seg stort til å møte utfordringane på rådhuset.
- Det vert spennande. Eg ser fram til å kome dit og gjere den jobben som mange har sagt at dei trur eg kan klare å gjere, seier Hovde.