Klokka 16.30 tysdag vart dei endelege tala og mandata frå kommunevalet i Volda presentert for presse og politikarar på rådhuset. Dei konkluderte som venta at KrF er det største partiet, medan Jon Georg Dale (Frp) fekk flest personrøyster i valet. Det fekk han også ved førre val. Iversen fekk 383 personrøyster og 191 slengjarar, medan Dale fekk 448 personrøyster og 317 slengjarar.

Det ser altså ikkje ut til å gå mot eit snarleg svar på kven av dei to politikarane som skal ende opp med ordførarstillinga i Volda. Både Iversen og Dale står begge fast på at dei sjølve fortener stillinga, og ser ikkje ut til å slakke på krava.

Partival

– KrF er det partiet som har fått flest røyster i Volda. Dette er eit partival, ikkje eit personval. Så skal vi i konstellasjonen vi etablerte diskutere dette og andre spørsmål. Eg er sikker på vi kjem fram til ei god løysing, sa Arild Iversen etter at tala vart presentert.

– Valet er veldig godt for oss, så vi er godt nøgde. Vi skal no halde fram med gode samtaler med dei partia vi har byrja snakke med, seier han.

– Kor mykje veg partirøyster opp mot personrøyster?

– Dette er eit partival. Ein vel på lister. Hadde vi ikkje hatt lister, hadde vi ikkje hatt noko. Eit direkteval på personar er det eigentleg ikkje.

– Ser du føre deg eit scenario der ordførartittelen kan bytast ut mot andre verv?

– Det har eg ingen kommentar til.

Personval

Jon Georg Dale held på si side like fast på at personrøyster veg tyngre enn partirøyster.

– No skal vi i forhandlingar, og det er naturleg at alle posisjonerer seg. Men veljarane er heilt tydelege: Frp har gjort eit langt betre val lokalt enn på landsbasis. vi har gjort eit betre val i Volda enn på fylkesbasis, noko vi aldri har gjort før. Vi er det nest største partiet. I tillegg har veljarane eintydig peika på ein ordførarkandidat som har fått monaleg fleire personrøyster enn andre. Då har dei peika på kven dei vil ha som ordførar. Så står det att å sjå om politikarane vil det same som veljarane.

– Ingen ser ut til å ville gje seg på spørsmålet om ordførartittelen. Kan heile konstellasjonen rakne om de ikkje verte samde?

– No skal vi inn i konstruktive forhandlingar basert på resultatet vi har fått presentert. Uansett kva vi kjem fram til, skal vi kome ut med eit styringsdyktig politisk fleirtal i Volda, som vil vise handlekraft i fire år framover.

– Kor mykje er du villig til å ofre for ordførartittelen?

– Det skal vi ta med oss inn i forhandlingane, seier Dale, og forsikrar om at dei har ein god dialog ved forhandlingsbordet.

– Det er alltid ein konstruktiv tone når vi og KrF er i same rom.