Det har kome inn mellom 200 og 300 søknader om sponsorstøtte til Tussa-konsernet.

Fristen var 15. mars, og førre veke starta Tussa å handsame alle søknadene, heiter det på Tussa si eiga heimeside..Dei som har søkt om midlar kan vente å få svar i løpet av mars. Blant søkarane er alt frå idrettslag og kor, til festivalar og lokale verdiskapingsprosjekt.

– Det er mykje som skal takast med i vurderinga. Blant anna må vi vurdere korleis sponsinga kan gagne lokalmiljøet. Vi gir litt støtte til mange, i staden for å gå inn som hovudsponsor til nokre få. Det er først og fremst lag og organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid som får støtte, seier sals- og marknadssjef Lise Ulstein og organisasjonssjef Lisbeth Myklebust til tussa.no.