Politi og ambulanse rykte litt før klokka halv sju i kveld ut til ei arbeidsulykke ved eit skipsverft i Ulsteinvik. Ein arbeidar, ein mann i 30 åra, var utsett for ei fallulukke.
Personen vart flogen med ambulansehelikopter til Ålesund sjukehus med alvorlege skadar.
Politiet etterforskar saka, og Arbeidstilsynet er varsla, melder politiet.