Politiet i området vart ikkje arbeidslause natt til søndag heller.

Ein knapp halvtime over midnatt fekk politiet medling om høg musikk og bråk frå ei leilegheit i Volda. Politiet avslutta festen.

I halv to-tida køyrde politipatruljen rundt i  Ørsta og observerte ein person som urinerte på offentleg stad. Han vert meld og får ei bot.