Styremedlem Pål Hamre har fått inn ein protokolltilførsel som gjeld styremedlem Terje Heggem, som igjen har ein protokolltilførsel som gjeld rektor Per Halse. Protokolltilførselen frå Heggem vart også eigentleg varsla på det føregåande styremøtet.

Bakgrunnen for den noko høglytte usemja er Høgskulen i Volda sitt strategiske val for framtidig struktur.

Graverande

Frå protokollen frå styremøtet 25. september, går det fram følgjande frå ein protokolltilførsel signert styremedlem Terje Heggem, og som gjeld rektor og styreleiar Per Halse:

«Styremedlem Terje Heggem meiner det er graverande at styreleiar har gjeve eit syn i ei sak som skal handsamast og vedtakast på dette styremøtet. Heggem viste i det høvet både til talen som vart halde ved semesteravslutninga og intervjuet med avisa for Universitetet i Bergen. Viktigheita av klarleik var nettopp motivet for at styret fann det naudsynt med eit ekstra styremøte for å formulere brevet til møtet med departementa i Molde den 17. september», heiter det m.a. i protokolltilførselen.

Vidare vert det i protokolltilførselen frå Heggem sagt at styreleiar, rektor Per Halse, skaper uklarleik for kva som er Høgskulen i Volda sitt syn på framtidig struktur i høgare utdanning.

Rett og plikt

Men etter at Heggem kom med denne protokolltilførselen, har Pål Hamre, som er styremedlem valt blant dei tilsette på høgskulen, kome med ein protokolltilførsel som er eit åtak på Heggem.

«Rektor ved Høgskulen i Volda er leiar for høgskulestyret og fagleg leiar for høgskulen, vald av studentar og tilsette. Rektor har både ein rett og ei plikt til å uttale seg på høgskulen sine vegner, og til å bidra til offentleg debatt. Rektor har aldri sådd tvil om at det er høgskulestyret som avgjer den såkalla struktursaka, og han har som styreleiar lagt opp til handsaming av saka på ekstraordinært styremøte 22. august 2014, oppfølging av saka i styremøte 25. september 2014 og endeleg avgjerd i saka i styremøte 29. oktober 2014.», heiter det i protokolltilførselen frå Hamre.

Vidare seier Hamre i sin merknad at «som fagleg leiar og høgskulens fremste tillitsvalde har rektor ein sjølvsagd og ukrenkeleg rett til å uttale seg overfor og på vegner av dei tilsette, og til å bidra til offentleg debatt. Denne protokolltilførselen er ei offentleg påminning til representanten Terje Heggem om at han i denne samanhengen sit i styret for ein statleg høgskule.»