Heile Søre Sunnmøre gjorde seg attraktive for ungdomen under Karrieredagane i Volda denne veka.

Tømrar? Sivilingeniør? Arkitekt? Elektrikar? Lærar? Kokk? Journalist? Hudpleiar? Sjukepleiar? Helsefagarbeidar? Kunstnar? Lege?

Vala er mange, og 15 åringane på Søre Sunnmøre skal gjere eit val for livet innan mars neste år. For mange er valet enkelt. Andre treng litt meir tid på seg.

I bilettekstene kan du lese om kva planar og tankar ungdomen sjølve har om framtid og utdanning.