Vinterferie, minusgrader og steikande sol frå blå himmel er ein draumesituasjon for skikøyrarar. Men på Volda skisenter er snølaget så tynt at bakkane ikkje har vore opne enno.

– Det er beklageleg for alle som elskar å stå på ski og som har kjøpt kort, seier driftsleiar Alf Henning Ervik på Volda skisenter.

– Hadde vi fått 20 cm til, skulle vi greidd å opne familietrekket. Alt er klart. Det er berre å få trakka ned snøen og trykkje på knappen.

– Har aldri skjedd før

I fjor gjekk det også lang tid før skisenteret i Volda kunne opne. Likevel kom det snø til slutt, så sesongen vart berga. Men om det ikkje kjem snø snart, kan resultatet verte ein sesong med null opningsdagar på skisenteret.

– Eg trur det må vere første gongen i historia at det skjer. Det har vore seine opningar tidlegare, men også den rekorden har vi diverre slått i år, seier styreleiar Gunnar Andenes.

Inga økonomisk krise

– Korleis påverkar det økonomien?

– Det er ein del faste utgifter som tikkar og går, men vi har drive sunt dei siste åra, og har ein buffer å flyte på. Det er ikkje krisestemning sjølv om det ikkje er snø. Vi har også selt årskort for om lag 360.000 kroner, noko som er relativt bra. Vi toler ein sesong eller to utan særleg inntekter, men får ein fleire slike sesongar, vert det vanskelegare å selje årskort, seier Andenes.

Dei fleste årskorta vert selt til sterkt redusert pris på skibytedagen før jul. Andenes minner om at det fort løner seg å ha årskort om snøen kjem.

– Om det kjem litt snø i mars, vil det framleis løne seg å kjøpe årskort for dei som er ivrige å gå på ski. Ein sparar inn kostnaden på ti dagar.

Vassmangel til snøkanonar

På naboskisenteret Bondalseidet har dei kompensert for manglande nedbør ved å lage kunstsnø dei to siste sesongane. Styret på Volda skisenter har fleire gongar vurdert å skaffe eit slikt anlegg, men vert stogga av eit stort problem.

– Vi har problem med å nå tak i vatn til å køyre snøkanonar. Då må vi enten til Dinglavatnet eller til Skitnevatnet. Det krev lange grøfter og bygging av basseng. Der ligg den største kostnaden, seier driftsleiar Alf Henning Ervik.

– For dyrt

Andenes stadfestar at det er vanskeleg å forsvare ei så dyr utbygging.

– Sjølve produksjonsanlegget er ikkje ein stor kostnad. Problemet er vatn, seier han.

– Eit slikt anlegg vil koste oss mellom 6 og 8 millionar kroner. Då må vi selje ekstra årskort for ein million kroner, noko som er å tru på julenissen. Til no har ikkje inntektene forsvart kostnadene til eit slikt anlegg, seier styreleiaren.

– Vi må i så fall sjå på andre løysingar på dette med vatn. Kanskje kan ein vurdere eit mindre dagbasseng som ligg ope, med eit høgt gjerde rundt. Det er ei løysing ein kunne fått til for ein eller to millionar kroner. Då endar ein på fire millionar kroner i investeringsbehov, der spelemidlar dekkjer ein tredjedel. Då er det kanskje råd å gjere butikk av det.

Langrennsløypa

Inntil vidare må ein setje sin lit til vêrgudane. Eit håp er det uansett for voldingane som vil ha seg ein skitur innanfor kommunegrensene.

– Det er litt for lite snø til å opne skisenteret, men vi skal vurdere om langrennsløypa kan trakkast. Ein må berre kome seg ut og gå på ski der ein kan, oppmodar Andenes.