Eldar Sætre frå Vartdal  er konstituert som ny sjef i Statoil.

Det skriv Statoil i ei pressemelding.

Sætre tek over etter konsernsjef Helge Lund som sluttar, etter eige ønske, for å starte i stillinga som konsernsjef i det britiske gasselskapet BG Group.

Eldar Sætre har vore ein del av konsernleiinga i Statoil sidan 2003, som økonomi- og finansdirektør til 2010, og sidan som leiar for forretningsområdet Marknadsføring, prosessering og fornybar energi.

Som konstituert konsernsjef vil Sætre ha ei grunnlønn på 5,7 millionar kroner.

- Sikker og effektiv drift er mi fremste prioritet, kommenterer Sætre.

- Samstundes står industrien overfor krevjande utfordringar, og vi er godt i gang med eit omfattande forbetringsarbeid for å styrke konkurransekrafta vår. Dette arbeidet vil sikre Statoil sine langsiktige moglegheiter og verdiskaping, seier Sætre.

Styret i Statoil har starta arbeidet med å finne ny konsernsjef.

Sætre er fødd i 1956, gjekk økonomisk gymnas i Volda 1972-75, seinare NHH.