Ørsta kommunestyre vedtok torsdag å auke ramma for tilbygg ved Hovdebygda barnehage med 666.000 kroner. I tillegg aukar dei ramme med 250.000 kroner for å gi eit betre anlegg.

Barnehagen vart bygd som ein basebarnehage i 2005. Barnehagen vart då bygd med felles garderobe for små og store barn, men bruk av barnehagen viste ganske raskt at dette gav ein krevjande arbeidssituasjon for personalet, og då spesielt dei som arbeider med dei minste barna. Hovdebygda barnehage har difor i fleire år meldt om avvik på garderobesituasjonen. Personalet må dagleg hente utstyr som utekle og sovekle til barna i garderoben og frakte kleda til leike- og opphaldsarealet, der det er ytterdør tilknytt uteområdet.

– Ein slik arbeidssituasjon for personalet på småbarnsbasane er uhaldbar over tid. Problemet rører ved både fysiske og psykososiale forhold. Då dei fysiske rammene er lite hensiktsmessige fører dei til ekstra fysisk belastning for personalet. I tillegg er organiseringa rundt påkledning og avkleding av barna særs krevjande, og utløyser stress og frustrasjon over tid, står det i saka.