Ungdomskonferansen vert arrangert årleg og har som mål å knytte ungdomane frå dei ulike kommunane saman og å lære av kvarandre.

Kristian Fuglseth, høgskulelektor og lokalpolitikar frå Hareid, innleia om politikk, media og kommunikasjon. Han utfordra ungdomane til å ikkje følgje straumen, og å stå på for sakene ein trur på, uansett om det ser håplaust ut.

Jobba i grupper

Ungdomane jobba i blanda grupper med ulike oppgåver, utveksle idear og diskuterte saker, samstundes som dei vart kjende på kryss av kommunegrensene.

Engasjementet blant dei unge var stort og diskusjonane var mange og gode. Alle var samde om at det hadde vore ein kjekk og lærerik dag. Ungdomskonferansen er i ein viktig arena for utsendingane frå Søre Sunnmøre til å samsnakke seg i mellom før ungdommens fylkesting, som i år går av stabelen 6.–8. november på Åndalsnes.

Rebecca Riise Bjerknes