Mannen er 30 år, 195 cm høg, slank og har kort hår.

– Politiet vil gjerne ha opplysningar om folk kan ha sett vedkomande i området Skredfjellet/Årheimsfjellet fredag, seier politioverbetjent Vidar Stavik.

Stavik opplyser vidare at mannen sende ein Snap frå Skredfjellet litt før kl. 15 fredag. Telefonen vart anten tom for straum eller slått av rundt kl. 18. Politiet er også interessert i å kome i kontakt med folk som kan ha sett vedkomande etter dette tidspunktet.